Jazz på Jølst 2024

10-13. oktober

– ein musikalsk møteplass for dei med øyre

Jazz på Jølst nr 15 er historie Ei fantastisk fin festivalhelg med 8 fine konsertar. Frå Tjuvstart torsdag med Vepsestikk- til den magiske avslutninga i ei fullsett Helgheim kyrkje med Knut Reiersrud og Iver Kleive. Euforisk har nokon kalla den!
Undervegs; varme og vare stemningar, undommelege og energiske rytmer, stemmeprakt av ei anna verd, hardtsvingande og humørfyllt hyllest til «them good old ladies», autentisk trad jazz frå tidleg 1900 tal, og ein pianotrio på øvste hylle.
Takk til alle som kom, takk til artistane, og Simen/Øyre lyd for fantastisk fin lyd, takk til frivillige, takk til alle sentrale og lokale sponsorar og støttespelarar, takk til alle samarbeidspartar og særskilt takk til Thon Partner Hotel Jølster.
Foto: Tore Sætre og Jølster Jazzklubb

Jazz på Jølst 2024

Det er ei sann glede å kunne ynskje velkomen til den 15. utgåva av Jazz på Jølst!

Vi er glade og ikkje så lite stolte over å kunne ynskje publikum velkomen til nok ein festival med inspirerande artistar og ugløymelege musikkopplevingar. Årets program byr på eit breitt spekter av sjangrar, alt frå tradisjonell jazz til spennande nye uttrykk, framført av både etablerte musikarar og nye unge talent.

Vi inviterer til 8 fine konsertar og til ei feiring av musikk, kultur og fellesskap som har blitt ein tradisjon frå oppstarten i 2010 til no
– og viktigast av alt støtte og oppslutning frå eit trufast publikum!

Vi nyttar høvet til å takke alle våre frivillige, sponsorar og samarbeidspartnarar!. Utan dykkar innsats og støtte ville det ikkje vore mogeleg å arrangere Jazz på Jølst. Særskilt takk til Thon Partner Hotel Jølster som er vår hovudsamarbeidspartnar og sponsor.
Set deg godt til rette, lat deg rive med av musikken, og den gode stemninga.

Hallvar Helgheim
Leiar Jølster Jazzklubb

Torsdag 10. oktober

19.30 – VEPSESTIKK
Brunsj & Briller. Billettar: 300/200/100*

Bandet består av 4 unge jenter som har gått gradene frå musikklinjer på vidaregåande, via fleire sommarjazzkurs og som har spelt på ymse scener og jazzfestivalar som Vill Vill Vest, Bergen Fest, Vossajazz og sist – Nattjazz i Bergen til strålande omtalar.
 
Dei kallar seg eit indieband og av mange fine omtalar tek vi med denne: «Vepsestikk kokar opp eit makelaust heksebrygg så potent at det får deg “til å bevega dansefoten i edru tilstand”, ifølgje Universitas. Brygget er kokt i hop av ein vokal som vekslar mellom desperate kampskrik, henta frå magens djup, og sårbar sirenesong ekstrahert frå hjarterota – rørt saman til groovy rytmar, melodiøs bass, drøymande gitar og trompet i stereo.
 
Agnes Fernanda Kierulf bass, trompet, vokdal
Linnea Josefine Gjelstad Kierulf trommer, vokal
Hanna Elisabeth Zieritz gitar, vokal
Móeiður Loftsdóttir trompet, vokal
Vepsestikk

Fredag 11. oktober

19.30 – HILDE LOUISE ASBJØRNSEN
«STARDUST IN CONSERT»
Thon Partner Hotel Jølster. Billettar: 450/350/100*

Hilde Louise Asbjørnsen og hennar glitrande jazztrio inviterer til eit musikalsk djupdykk i repertoaret til dei åtte legendene frå suksess-showet «Stardust»: Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe.
 
Teaterframsyninga og boka blei ein favoritt både hos kritikarar – og publikum og blei spelt for utselde hus både i Oslo og på etterfølgjande landsdekkande turné. Mens teaterversjonen fokuserte på historiene bak, dykkar Asbjørnsen og trioen i denne versjonen ned i musikken, og serverer strålande tolkingar av låtar som; Diamonds Are A Girls Beste Friend, Hymne a l’amour, Lili Marlene, I Need A Little Sugar In My Bowl, Neste Dag Stod Hun Like Fornøiet – og andre høgdepunkt frå karrierane til «the lades in question»
 
Hilde Louise Asbjørnsen – vokal
Anders Aarum – piano
Jens Fossum – kontrabass
Hermund Nygård – trommer

22.00 – BEADY BELLE DUO
Thon Parner Hotel Jølster. Billettar: 400/300/100*

Beady Belle er ein grensesprengande, norsk artist som opererer i sitt eige musikalske univers – og som ikkje kan plasserast i ein bestemt sjanger. Ho er å finne i grensesnittet mellom pop/soul/funk/elektronika/jazz og folk.

Krona på verket er Beady Belle si fløyelsmjuke stemme saman med eit enormt overskot og eit fyrverkeri av ein sceneopptreden. Beady Belle er internasjonalt anerkjent, men for folk flest her heime blei Beady Belle, alias Beate S. Lech mest kjent etter at ho utmerka seg og hausta store lovord under deltakinga i Stjernekamp 2019.
 
Å oppleve Beady Belle på scena er som å sjå musikk. Musikken finns i kvar nerve i henne, og mange meiner ho er ein av våre aller fremste vokalistar.
Beady Belle Duo består av Beady Belle og David Wallumrød på Hammond orgel, Rhodes, Clavinet m.m. Duoen spelar eit utval av Beady Belle sitt repertoar i eit helt spesielt intimt og nært format.
 
Beady Belle – vokal
David Wallumrød – diverse tangentar

LAURDAG 12. oktober

12.00 – Jazz for born/familie
GJERMUND GJERDESMETT og andre føykne fuglar
Brunsj & Briller. Billettar: 100,-

Ingen festival utan jazz for born og i år får vi møte Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar. Lena Skjerdal og resten av Kråkebollane, som sist gjesta Jazz på Jølst i 2021, har laga ny musikk til historia, som Lisbeth Dreyer har skrive, om heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv. Historier om morosame situasjonar forma som dikt på rim.
 
Lena Skjerdal – vokal,
Knut Lothe – perkusjon,
Erik Håkon Halvorsen – keyboard
457097725_1316953376335950_4178740687338524930_n

14.00 – JAZZKOLLEKTIVET
– musikklinja Firda VGS, Audhild Vikens Vevstove. Gratis.

Vi held fram med den gode tradisjonen med å invitere unge talent frå musikklinja på Firda VGS, og gje dei ei scene å syne seg fram på.
Bandet som kjem i år har fått namnet JAZZKOLLEKTIVET
Det blir groove, det blir jazz og det blir rytmar som vil få kroppen til å bevege seg om du vil eller ikkje.

Konserten er gratis! Vi gler oss!
 
Liva Åsnes Skjerdal – vokal
Eirin Støfringsdal – trompet
Vegard Gunnarskog – gitar
Håkon Viem Elvekrok – keys
Charlotte Wiik – bass
Nikolai Bjarnastein Stave – slagverk
456119826_1311277386903549_975718252810612762_n

19.30 – EYOLF DALE TRIO
Thon Partner Hotel Jølster. Billettar: 400/300/100*

Mange av dei store jazzpianistane har gjort noko av sitt finaste arbeid i små format: Bill Evans, Keith Jarrett, Brad Mehldau har alle hatt legendariske trioar, og no har Eyolf Dale òg ein, som seg hør og bør!

Musikalsk har Eyolf Dale alltid bevegd seg i eit melodisk og rytmisk utforskande, syngande og klangrikt leie, til glede for jazzelskarar verda rundt. I 2021 kom plata BEING, eit særs lyrisk og sjelfullt album i skjæringspunktet mellom jazz og klassisk, som fall i smak hjå både publikum og musikkpressa. «Hvis Chopin var jazzpianist hadde han høyrdest ut som Dale», har det vorte sagt om spelestilen hans.
 
Dale har med seg eit lag frå det absolutte toppsjiktet i norsk jazz. Trommeslagar Audun Kleive er ei levande legende i norsk jazzhistorie. Bassist Per Zanussi har markert seg som ein høgst original og søkande musikar og komponist. Med Kleive og Zanussi er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar frå øvste hylle.
 
Eyolf Dale – piano
Per Zanussi – bass
Audun Kleive – trommer
455713091_1310435370321084_8718661594608729154_n

HANS MARIUS ANDERSEN SEPTET
Thon Partner Hotel Jølster. Billettar: 400/300/100*

Hans Marius Andersen septett er eit band sett saman av svært habile musikarar frå det bergenske jazzmiljøet bl.a. Bergen Big Band. Bandet fekk strålande tilbakemeldingar etter konsert på Swing’n’Sweet Jazzclub i mai. Musikken spenner frå 1910 og 1920 tallets ragtime, via tidleg Louis Armstrong og vidare til låtar fra swing æraen, av Jelly Roll Morton og Modern Jazz Quartet.
 
Hans Marius Andersen – Trompet
Michael Barnes – Klarinett
Sindre Dalhaug – Trombone
Hans Martin Austestad -Banjo
Kristian Weberg – Piano
Roald Gilje – Tuba
Jan Tore Næss – trommer
455778179_1310445836986704_4862874539262542083_n

SØNDAG 13. oktober

16.00 – KNUT REIERSRUD OG IVER KLEIVE
Helgheim kyrkje. I samarbeid med Førdefestivalen. Billettar kr. 450/350/100

Det legendariske radarparet Iver Kleive og Knut Reiersrud treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei med jamne mellomrom spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokaler – Norge rundt. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut lagt ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.
 
Mange hugsar deira utgjevingar «Blå Koral» (1991), som fekk Spellemannprisen, «Himmelskip» (1996) og «Nåde over Nåde» (2006) som vakre bautaer over den langvarige sivilisasjons-kollisjonen mellom europeisk kyrkjemusikk og afroamerikansk rytmikk og tonefølelse.
 
Knut Reiersrud – gitarar
Iver Kleive – orgel
 
Konserten blir arrangert i samarbeid med https://www.fordefestival.no/
456112515_1311282710236350_8429629753329174676_n

Foto frå konsertar

Jølster Jazzklubb
C/O Hallvar Helgheim
+47 95745324

KJØP BILLETTAR

Bli med på festen og kjøp billettar her.