No er alle arrangement under Jazz på Jølst lagt ut og alle billettar ligg på TicketCo.
Her er finn de info om billettypar m.v.
Det er ein fin tradisjon å invitere elevar frå Firda VGS til å presentere seg under Jazz på Jølst. Jazz-oktetten Villspor, inviterer til ein variert og fargerik konsert med musikk frå mange hjørne av jazzverda. Repertoaret vårt spenner frå klassiske standardar og energisk swing til moderne fusion, jazzpop og nordisk visepreg – med både vokal- og instrumentalinnslag.
Musikken vi spelar legg vekt på melodiske linjer, improvisasjon og tett samspel. Publikum kan vente seg eit lyttbart og leiken program med alt frå drivande rytmar og sterke soloparti til sarte stemningar og varme klangar. Dette er jazz med rom for både tradisjon og utforsking.