Jazz på Jølst

FRÅ:

10. oktober

TIL:

13. oktober
Jazz på Jølst blir arrangert for 15. gong, 10.-13. oktober 2024. Alle artistane er presentert og her er programoversikt. Bilettar til alle arrangement er lagt ut og du finn dei ved å klikke på knappen under.

Om arrangementet

Jazz på Jølst blir arrangert for 15. gong, 10.-13. oktober 2024.
Alle artistane er presentert og her er programoversikt.

PROGRAM.
TJUVSTART Torsdag 10.10. 2024 kl. 19.30 Brunsj & Briller

«VEPSESTIKK»
4 unge jenter som har gått gradene frå musikklinjer på vidaregåande, via fleire sommarjazzkurs og
som har spelt på ymse scener og jazzfestivalar som Vill, Vill Vest, Bergen Fest, Vossajazz og – sist Nattjazz i Bergen til strålande omtalar.
Agnes Fernanda Kierulf bass, trompet, vokdal
Linnea Josefine Gjelstad Kierulf trommer, vokal
Hanna Elisabeth Zieritz gitar, vokal
Móeiður Loftsdóttir trompet, vokal

OPNINGSKONSERT
Hilde Louise Asbjørnsen – Stardust in Consert Fredag 11. oktober kl. 19.30 Thon Partner Hotel, Jølster
Hilde Louise Asbjørnsen og hennar glitrande jazztrio inviterer til eit musikalsk djupdykk i repertoaret til dei åtte legendene frå suksess-showet «Stardust»:
Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe.
Hilde Louise Asbjørnsen – vokal
Anders Aarum – piano
Jens Fossum – kontrabass
Hermund Nygård – trommer

BEADY BELLE DUO
Fredag 11. otkober kl.22.00 Thon Partner Hotel, Jølster
Beady Belle er ein grensesprengande, norsk artist som opererer i sitt eige musikalske univers – og som ikkje kan plasserast i ein bestemt sjanger. Ho er å finne i grensesnittet mellom pop/soul/funk/elektronika/jazz og folk.
Beady belle – vokal
David Wallumrød – diverse tangentar

JAZZ FOR BORN/FAMILIE
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar.
Laurdag 12.oktober kl. 12.00 Brunsj & Briller
Ingen festival utan jazz for born og i år får vi møte Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar. Lena Skjerdal og resten av Kråkebollane, som sist gjesta Jazz på Jølst i 2021, har laga ny musikk til historia, som Lisbeth Dreyer har skrive, om heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv. Historier om morosame situasjonar forma som dikt på rim.
Lena Skjerdal – vokal,
Knut Lothe – perkusjon,
Erik Håkon Halvorsen – keyboard

JAZZKOLLKETIVET
Musikklinja Firda VGS Laurdag 12. oktober kl. 14.00 Audhild Vikens Vevstove (gratis)
Det blir groove, det blir jazz og det blir rytmar som vil få kroppen til å bevege seg om du vil eller ikkje.
Liva Åsnes Skjerdal – vokal, Eirin Støfringsdal – trompet,
Vegard Gunnarskog – gitar, Håkon Viem Elvekrok – keys,
Charlotte Wiik – bass, Nikolai Bjarnastein Stave – slagverk

EYOLF DALE TRIO
Laurdag 12. oktober kl. 19.30 Thon Partner Hotel, Jølster
Mange av dei store jazzpianistane har gjort noko av sitt finaste arbeid i små format: Bill Evans, Keith Jarrett, Brad Mehldau har alle hatt legendariske trioar, og Eyolf Dale er også på den bana som seg hør og bør!
Eyolf Dale – piano
Per Zanussi – bass
Audun Kleive – trommer

HANS MARIUS ANDERSEN SEPTET
Laurdag 12. oktober kl. 22.00 Thon Partner Hotel, Jølster
Det blir tradjazz av høg kvalitet når Hans Marius Andersen septett entrar scena vår. Musikken spenner frå 1910 og 1920 tallets ragtime, via tidleg Louis Armstrong og vidare til låtar fra swing æraen, av Jelly Roll Morton og Modern Jazz Quartet.
Hans Marius Andersen – Trompet, Michael Barnes – Klarinett, Sindre Dalhaug – Trombone, Hans Martin Austestad -Banjo, Kristian Weberg – Piano, Roald Gilje – Tuba, Jan Tore Næss – trommer

KNUT REIERSRUD OG IVER KLEIVE
Søndag 13. otkober kl. 16.00 Helgheim kyrkje
I snart 30 år har desse 2 med jamne mellomrom spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokaler Norge rundt. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut lagt ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.
I samarbeid med Førdefestivalen
Knut Reiersrud – gitarar
Iver Kleive – orgel